Nettside for

Søre Sunnmøre Motorhistoriske K lubb


Søre Sunnmøre Motorhistoriske Klubb vart stifta den 9 / 9 1995 hos Odd Fredrikson på Hjørungneset i Hareid kommune. Det vart på stiftingsmøtet bestemt at dette skulle vere ein klubb med ”takhøgde”, alle skal vere like velkomne anten dei samlar på Roll’s Royce eller gamle trøsyklar.Det er ikkje naudsynt å eige noko veterankjøretøy for å vere medlem, det er nok at ein har litt interesse for motorhistoriske kjøretøy og innretningar som har med vår tekniske kulturarv å gjere.
Det vart også bestemt at klubben skulle femne om kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.
Klubben har eige klubblad , ”Stiften”, som kjem ut med 6 – 8 nummer pr år der Odd Fredriksson er redaktør. Stiften fungerer også som klubblad for Volda og Ørsta Veteranvognklubb, som vi har litt samarbeid med.

Link til Stiften nr.3 2007  (pdf fil tar tid å laste ned og krever Adobe Reader)

Link til Stiften nr 2 2008  (pdf-fil)

Link til Stiften nr.1 2009  (pdf-fil)


SSMK arrangerer eit årleg veteranvogn-løp, ”Rundeløpet”, som går av stabelen i midten av Juni og går frå Hareid/Ulstein til Runde i Herøy Kommune, med litt varierande ruteopplegg.

Link til Rundeløpet 2008

Link til  Rundeløpet 2010

Klubben er medlem i Landsforbundet av Motorhistoriske Kjøretøyklubber sidan 1997 og har eigen besiktigelsesmann i samband med LMK-forsikring.

Vi har medlemsmøte den første mandagen i kvar månad i kantina til Spenncon A/S i Hjørungavåg (Hareid Komm.) der bedrifta sponsar kaffi/te osv.

Link til klubbsider.

   

 

 

 

 

 

 

 

Kontakt klubben:  post@motorhistoriskklubb.no